Mitt år på folkehøgskole

Mitt år på Åsane folkehøyskole er eit år eg aldri ville vore foruten. Eg gjekk Musikk og vokal, og havna i ein klasse med 11 unike menneske frå heile landet. Gjennom musikktimer og variert undervisning utvikla vi oss i lag – frå å vere ein gruppe med 12 ungdommer, til å vere ein sammensveisa klasse med musikalske gleder og mykje latter. Det heile toppa seg med studietur til London.
I tillegg til at ein får ein vennegjeng som elsker det same som deg, så får du ein familie. Internatet mitt kjem alltid til å vere bonusfamilien min, og der blei det skapt minner som ingen forstår om ein ikkje har opplevd det sjølv.
Samarbeidet mellom linjene på Åsane er noko heilt spesielt. Det at alle kan få dele sine eigenskapar og lidenskaper på tvers av linjene, skapar ein unik aksept og et sterkt fellesskap. Musikalen er høgdepunktet på dette samarbeidet, der alle på heile skulen – lærare og elevar, jobbar tett saman i meir enn ei veke.

Eg kan med handa på hjertet anbefale Åsane folkehøgskole. Eg har allerede vore på min første reunion, og veit at det vert mange fleire. Eit år på Åsane folkehøgskole er ikkje eit år ein gløymer.
Ingrid Karoline Kvalheim, 2015-16