Mitt år på folkehøgskole

Eg valde å gå på folkehøgskole fordi eg ville ha eit friår med rutinar og lære noko, derfor valte eg linja Globalt Perspektiv. Åsane folkehøgskole, hadde det eg ville ha, eg fekk velje mellom mange spennande valfag. Så i løpet av det året og tilboda skolen hadde, har eg blant anna tatt brattkort i klatring, segla til Shetland, vore med og organisert Løp for India, gått i Himalaya, deltatt på FN- rollespel, deltatt på BIFF, reist 1 månad i India og masse meir.

Det er rart å tenke på kor masse ein kan gjere i løpet av eit år, for året har vært travelt og det har gått fort.

 

Året kan ikkje beskrivast bra nok, det må berre opplevast. For det er som dei seier, nesten umogleg å beskrive året på folkehøgskole til ein person som ikkje har gått på folkehøgskole sjølv. Det er eit spesielt år, du deler rom og bor ilag på internat, og møter alle moglege personar og val gjennom dette året.

 

Det som gjorde heile året «det beste året» som alle som har gått på folkehøgskole kallar det, var folket man ble kjend med. Sitter igjen med så mange gode minner, blant anna kveldsturar, uendelege kveldar med kortspel, danseøvingar til musikal, byturar, filmkveldar grilling i Nygårdsparken, ziplining og meir. Vi gjorde alt vi ville og det vi hadde tid til.

 

Det var vennegjengen som eg fekk på skolen som gjorde at året betyr så mykje. Eg angrar ikkje eit sekund på at eg drog på folkehøgskole.

Eg fekk alt eg ville og meir på dette året, det var det beste året så langt.

 

Amalie Rausand Søllesvik, 2016-17