SOLIDARITET
I dag fekk me i Latin-Amerikaklassen besøk frå Brasil! Representantar frå MST -de jordløses bevegelse, fortalte oss om sitt arbeid for å få til ei meir retferdig fordeling av jord for urfolk i Brasil. Me fekk og meir kunnskap om storstilt soyadyrking sine konsekvensar for landbruket.
Takk til Lag Bergen og aktive brigadistar som stiller opp og gir oss kunnskap. Kanskje nokon i klassen blir frista til å reise til Guatemala som brigadistar neste år??