Picture

Som eit strålande punktum for denne arbeidsperioden hadde me tysdag besøk av Latin-Amerikagruppene i Norge (LAG).
4 utveklingsstudentar – to frå Nicaragua og to frå Chiapas i Mexico, fortalte om sine land og sine kulturar. Særleg om forholda for urfolk, og sitt arbeid med menneskerettar i heimlandet. I den mexicanske menneskerettigheitsorganisasjonen FREIBA og RAAS (Region Autonomia Atlantico Sur) i Nicaragua.
Etter foredrag og film fekk klassen stilla spørsmål og samtale rundt tema som var tatt opp. Det vart og tid til ein runde med nicaraguansk dans, og gitar og visesong frå Mexico! Stor takk til LAG for at me fekk denne opplevinga!