Mandag hadde Latin-Amerikaklassen her på Åsane Folkehøgskole triveleg besøk av 5 aktive og engasjerte Latin-Amerikaentusiastar.  3 representantar frå De jordløses forening i Brasil (MST) fortalde om det arbeidet dei driv i heimlandet for å støtte lokalsamfunn  i sin rett til å føre ein politikk som sikrar mat til eiga befolkning. Storproduksjon av soya på områder som trengst til matproduksjon er del av problemstillinga.Me fekk og høyre om Hedda og Kine sitt opphold som brigadistar i Brasil gjennom Latin-Amerikagruppene i Norge sitt brigadeprosjekt. Det er inspirerande og engajerande for oss som i løpet av skuleåret skal ut på vår eiga reis, å lytte til opplevelsar og erfaringar andre har fått med seg. Takk for ein innholdsrik føremiddag og eit fint møte!