Dia de los muertos, de dødes dag, er ein av dei viktigaste festdagane i Mexico. Dei døde vert feira av dei levande, til felles glede.
Den foregår 1. og 2. november, ei blanding av katolikkane sin allehelgensdag og Tarasco, folket i Mexico si tru på at dei døde vendte tilbake ein dag i året, om hausten.
Latin-Amerikaklassen feira sjølvsagt dagen på sin måte. Me lagde ”Pan de muertos”, bygde vårt eige alter, malte oss som Calveras og studerte denne eldgamle tradisjonen som fortsatt vert feira mest intensivt ved Pàtzcurosjøen i Mexico.

Dette året feira vi saman med venner frå United World College, som var på besøk i klassen på denne tida. Det gav oss ekstra gode muligheiter til å lære og praktisere spansk, få foredrag frå ulike land i Latin-Amerika, utveksle musikalske innslag og danse salsa og folkedans frå Latin-Amerika.

Gode erfaringar å ta med seg når me reiser på studietur i februar!