Tre tidlegare elevar frå Åsane Folkehøyskole kjem ut med bøker denne hausten. To av dei med si andre bok.

Kjersti Rorgemoen (elev 2000/01) debuterte i 2009 med boka ”Purkene snudde seg”. I år kjem ho ut med romanen ”Håpet og festen” på Kolon forlag. Forlaget presenterer boka m.a. på denne måten: Under Bergens smog bur ein ubestemt skapning, ei ung kvinne, stranda på ein midlertidig hybel. Ho finansierer husleige, alkoholforbruk og anna med løna for makuleringstenesta til Fretex. ”Håpet og festen” er ein roman om den latterlege avstanden mellom det vesle livet ein er bunden i og dei store banda som knyter verda saman.

Marianne Clementine Håheim (elev 2006/07) debuterte i 2012 med diktsamlinga ”Bilydar”. I år kjem ho ut med romanen ”Svart belte” på Oktober forlag. Forlaget presenterer boka m.a. på denne måten: Tretten år gammal syklar ho til sin første sommarjobb på hotellet. Blikket ho har på seg sjølv er både hardt og omsynsfullt. Kroppen har ny form, og det veks dun på ryggen hennar. ”Svart belte” handlar om farleg fridom, om sjukdom som viljesakt og arbeid.

I tillegg til desse kjem Peder Inge Knutsen Samdal (elev 2003/04) ut med si første bok, ei sakprosabok for ungdom ”Mario Balotelli forklarer Europa” på Libretto forlag. Dette er eit lite forlag, og vi har ikkje funne noko presentasjon av boka. Men både boktittelen og vårt kjennskap til Peder gjer oss sikre på at her er det fotball og samfunn i rikt monn.

Det kan leggjast til at både Kjersti og Marianne fekk gode kritikkar for første boka. Vi ønskjer dei alle tre til lykke med årets bok!
Skrevet av John Erik Bertelsen