Etter 4 aktive veker på studietur til Mexico og Cuba, er det svært mange inntrykk som skal fordøyast. Påskeferien vart nok brukt til å ta seg inn igjen. Dei siste vekene av skuleåret gjorde Latin-Amerikaklassen ein flott innsats med å videreformidle opplevelsane våre, gjennom seminar, digitale forteljingar, artiklar og foredrag.
Lørdagsseminaret for medelevar på Åsane folkehøgskole starta med lysbildeforedrag og reiseskildring. Seinare gjekk ein i smågrupper og fekk «smaksprøvar» på alt frå sjølvlagde tortillas, til wrestling, latin-amerikansk folkedans, jepardy om Latin-Amerika, murmaling og nærmare kjennskap til kva det vil sei å gjennomgå ein temazcal (ritual i varmehytte).

Smaksprøve på sjølvlaga tortillas.
Klassen var ute i ungdomskulen og heldt foredrag på 9. og 10. klassetrinn, noe som dei i ettertid fekk svært gode tilbakemeldingar på.
Det er skrive flotte artiklar om opplevelsar under turen, blant anna til «Norwegian Human Rights Fund».Me gjennomførte og vår lokale «filmfestival» saman med Kinaklassen og U-landsklassen. Der lagde me digitale fortellingar med tema frå dei ulike turane våre.
Det gjekk sjølvsagt med store mengder popkorn under filmvisningane. Det vart delt ut prisar for beste forteljing, både av fagjury og publikum, og ein aldri so liten rød løpar var og på plass…Eit folkehøgskuleår går fort. Det oppdagar ein kanskje ikkje heilt rekkevidda av før etterpå? Eg vil nytta anledninga til å takka den gode og fine «flokken» fra 2012/13 for eit kjekt år og godt utført arbeid!!! DE ER SAVNA………….
Solgun
Solgun