Picture

Når eg tenker tilbake på året mitt på Åsane folkehøgskole må eg nesten grine- Ikkje fordi det var fælt, men fordi det var så ufattelig, fantastisk bra!

Etter vidaregåande var eg, som mange andre, veldig usikker på kva eg skulle gjere. Etter ein del fram og tilbake, bestemte eg meg for å gå eit år på folkehøgskule. Nysgjerrig på noko nytt, og lei av tørre skulebøker og den vesle bygda mi, visste eg at eg hadde lyst å reise, utforske og å oppleve nye kulturar.

Valget endte derfor på Åsane folkehøgskole fordi skulen tilbydde valgfaget «BackpackingBali», og fordi Latin-Amerikalinja innehaldt alt eg ønska; kulturforståelse, moglegheita til å lære eit nytt språk, og reising på eit heilt nytt kontinent.
I løpet av studieturen vår til Mexico og Cuba vart eg også sikrare på at eg ville fortsette med spansk etter folkehøgskulen.
Når eg no tar ein bachelorgrad i Spansk med Latinamerikastudier på Universitetet i Bergen, er eg så takknemlig for den kunnskapen eg fekk på Latinamerikalinja. Eg trur nok ikkje eg hadde valgt nettopp det studiet eg går i dag om det ikkje hadde vore for engasjerte og flinke lærarar på linja mi.

Men mest av alt er eg så takknemlig for alle dei fantastiske menneska eg vart kjent med på Åsane. Dei vennskapa eg knytta der, veit eg at eg har med meg uansett kor i verda eg er, og den tanken gjer meg så uendeleg glad!
Eg lærte både å forstå andre kulturar og å ha eit opnare syn på verda generelt, men kanskje viktigst av alt lærte eg å forstå meg sjølv, og menneska rundt meg betre. Og det er noko eg aldri i livet kunne ha vore forutan!
Åsane folkehøgskole, tusen takk for å ha gitt meg eitt av dei beste åra i mitt liv.

Oda F. Lødemel, elev ved Latin-Amerikalinja 2012-13