Latin-Amerikaklassen på Åsane folkehøgskole besøker Vinales på Cuba

Det er fyrste gong Latin-Amerikaklassen på Åsane folkehøgskole drar vest for Havanna på studieturen til Cuba. Ein fargerik og fredeleg by møter oss. Små hus i alle regnbogens farger, og utanfor på terrassane er gyngestolane malt i matchande valørar.
Vinales er kjend for å dyrke råvarer til dei beste av dei beste cubanske sigarane, Cohiba.  Klassen rir gjennom grøne marker, og besøker finkaer der økologisk dyrking står i fokus.  Tobakk- og kaffiplantasjar ligg  side om side.
Me får demonstrert sigar-rulling og prøvesmakar både kaffi og sigarar.

Eit vakkert landskap som det passar perfekt å oppleve frå hesteryggen…