Picture
Latin-Amerikaklassen ved Palenqueruinane

Hola!
No er me tilbake i Mexico city etter halvanna veke på rundtur. Etter Mazunte og deilige dagar på kysten reiste me med nattbuss til San Christiobal i Chiapas. Flott by, med ein herlig blanding av urfolk ,turistar og andre. Her har me besøkt ulike urfolksamfunn bla. anna Zinkantan og Chamulla. Språk, skikkar, klær og mønster på klær endrar seg på små avstandar. Me har og besøkt zapatistane i Oventic og fått informasjon om arbeidet som blir gjort i dei autonome Zapatistområda. På veg til Palenque stoppa me innom vakre Agua Azul og Misol. Her bada me i kaldt og forfriskande blått vatn frå fossane, og fekk oss ein tur i grotte med flaggermus.

Me har hatt dagstur heil til elva som går mellom Mexico og Guatemala, Uzumacinta, her tok me båt og vandra i jungel og ruinområdet Yatzilan. Pa vegen hoppa me og i land i Guatemala ei lita stund.
Me hadde ein fantastisk runde i dei enorme Palenqueruinane, med lokal guide, og me overnatta i enkle Cabañas like ved. Her var det salsa om kveldane, og me sovna til lyden av brøleapar og grasshoppar
«Flokken» har det bra, men dei fleste har vore igjennom litt magesjau. Det er varmt og godt, så dagane kan til tider vere lange og krevjande. Men me opplever so mykje, at det taklar me greitt.I morgon reiser me frå Mexico til Cuba, Havanna! Det blir spanande,…..Hasta luego, Solgun

Picture

Åsane folkehøgskoles Latin-Amerikaklasse ved Palenqueruinane i Mexico.