Me er no i Palenque. Har hatt ein fin runde med lokal guide i dag. På ruinane som er fantastiske, og inne i jungelen der me har slengt oss i lianar og hørt brølet frå brølapane. Varmt og godt, så det passar fint at me no bur på fint hotell med jungelhage og badebasseng! Mange elevar likar det beitre enn hostella me budde på tidlegare!!

Snart skal me møtast og gå i økopark som har mange lokale dyreartar. Kanskje får me nærkontakt med slangar eller jaguarar eller alligatorar?

God stemning i «flokken».  Dei fleste stupte rett i bassenget etter lang busstur i går. I morgon drar me vidare til Campeche. Hasta luago!