Det var ikkje fyrste gongen eg var på sol og månepyramidane når eg fekk «Gorilla» som guide, men i ettertid kjennes det slik ut. Hans fyrste kommentar var: «You see this ugly face?? That’s why I call myself Gorilla «.
Ein av utfordringane eg får i løpet av året på Åsane folkehøgskule er å ta med klassen på studietur til Mexico på vårparten.Årets tur er akkurat overstått og vel i havn.
Det fine med utfordringar er at det ofte fører til opplevelsar som er sterkare og flottare en gjennomsnittet , og ting ein huskar godt og lenge. Turane til Mexico er slike opplevelsar.
Her er så mange inntrykk ein kunne sagt så mykje om, men her og no vil eg berre sjå på ein av dei eventyrlege dagane våre. Og då startar det nokre år tilbake i tid med mitt fyrste møte med ”Gorilla” (han har sjølv tatt dette navnet på grunn av at det indianske navnet hans er svært vanskeleg å uttale for oss!).
Levande historie
Han er født og oppvaksen ved Sol og månepyramidane 50 km nordøst for Mexico City, Teotihuacan, ”stedet der mennesker blir til guder”. Engasjementet hans for den indianske kulturen er stort og han er ein dyktig formidlar. Det virkar som heile familien er levande opptatt av å la oss ta del i sine indianske tradisjonar som dei er tydeleg stolt over.
Det er ikkje fyrste gongen eg besøkjer desse pyramidane når eg får ”Gorilla” som omvisar, men i ettertid kjennes det slik ut. På sin heilt spesielle måte og med store forteljarevner får han oss til å sjå for oss korleis her må ha sett ut når dette var eit levande samfunn. Det er nesten som vi kjenner luktene, høyrer musikken, stemmene og ekkoet, og ser for oss fargane , sjølv om dei for lengst er borte.
Vi går opp dei 248 trinna til Solpyramiden. Den er med sine 65 m den 3. største i verda. Her har vi flott utsikt over ”de dødes vei”. Pyramidane ligg vakkert til i landskapet og føl naturleg fjellformasjonane i bakgrunnen. Folk ser små ut her oppe frå, men når vi kjem ned att slår selgjarar seg ivrig saman med oss og tilbyr smykker, steingudar og tepper for salg. Fyrst når vi gjer oss i kast med månepyramiden, 46 meter høg, slepp vi unna.
Etterpå går vi inn i ruinane, får høyre gamle sagn, copal blir tent opp, ”gorilla” blæs i ein svær konkylie og maner fram bilder på netthinna vår frå skapelseshistoria til heilt andre gudar enn det vi har høyrt om før. Det er utruleg at ein allerede 150 år f.kr. hadde kunnskapar om astrologi, håndtverk, skrift, og her er ”dusjar” der dei demte opp vatnet ,varma det i sola og let det renna inn i huset. Restar av vakre murmaleri viser og sitt om farne tider.
Her ventar fleire familiemedlemmar oss med heimelaga mexicansk mat, indiansk dansing eller temascal.
Dei modigaste av oss skiftar til badetøy og gjer oss klar til å bli omkransa av røykelse og så krypa på alle fire inn i ei lita hytte som ser ut som ein iglo i stein. Vi kryp frå høgre til venstre og set oss på stein- golvet i ein sirkel, rundt ei grop i midten. Når alle er på plass, kjem ”Gorilla” og hjelparane hans med glovarme lavasteinar på spade og fyller i gropa ein etter ein.Steinane har lagt til oppvarming i timesvis og det blir fort varmare inni hola vår. Det er ein slags sauna dette, nærmast ein spa! Men i tillegg til å gjera godt for kroppen har det og på ein forunderleg måte noko med sjela å gjera. Det er eit eige rituale , og alle som er med får læra dei vanskelege indianske orda som skal seiast.
Når vi kjem ut att er vi oppløfta , glad og fornøyd. Vi skyller sveitten av oss med deilig kaldt urtevatn, og tørkar fort opp att i det varme været.
Dans, rytme og vakkert håndtverk i skjønn forening
Den heimelaga maten smakar om mulig endå meir fortreffelig etter dette. Eg undrar meg framleis litt over dette med temaskal og tar meg ein prat med dei to som leda an. Dei fortel at det finst 3 typar temascal, for spesielle anledningar (som bryllup og barnedåp), for helsa og for krigarar. Den siste er for å opparbeide fellesskap og for å strekkje seg lenger og tole meir. Den har vi vore gjennom! Og jammen fekk vi kjenne både på fellesskapsfølelsen og at vi måtte strekkje oss litt lenger enn vi hadde tenkt. Dei blir nesten litt fornærma når eg spør om dette er noko dei vanlegvis gjer eller om det berre er for å vise fram gamle tradisjonar. For desse folka er dette klart ein viktig del av livet.