Måndag 12. og tysdag 13. oktober fekk Latin-Amerikaklassa besøk av den interessante sosialantropologen Grethe Kosberg. Vi fekk óg helse på ein gamal ven av Grethe frå Peru, Salvador Machaca Apaza.

Salvador viste fram fleire eksotiske instrument, deriblant Peruanske fløyter som likna  det vi i Vesten kjenner best som Panfløyter. I tillegg fekk vi eindel artig informasjon. Visste du blant anna at ”Chalango”-gitaren opphavleg vert laga av beltedyret armadillo, og at armadillohåret fortsett å vekse på gitaren? Dessutan lærte vi nokon enkle setningar på quechua, det gamle inkaspråket. Skal du helse ungt og hipt på ein framandkar/frøken frå høgfjella i Peru, kan du jo kanskje imponere med ”Imata ruanki?”, som betyr ”Skjer’a?”. Eller om du føler deg i det romantisk hjørnet ønskjer du kanskje prøva på ”Munayki tuku song’oywan”. Da vil mogleges karen/frøkna bli sjarmert i senk, eller snu på hælen og springe frå den gale framande som gjorde kjærleikserklæringar i hytt og pine.

Av Grethe fekk vi høyre om og sjå litt frå dei spanande reisene hennar til Latin-Amerika. Eg trur nok nesten samtlege i klassa fekk både nysgjerrigheita og eventyrlysta trigga av historiane hennar. Så no gler vi oss gruleg til Mexicoturen i mars!  
Hasta luego!