Ei lita helsing att frå Dublin. Åsane folkehøgskoles Skriveverksted har no reist halve Irland med tog og buss. Første stopp var Mt Melleray Abbey i sør. Der rår stillheita. Me var heldige og fekk ein time med fader Kevin, ein 87 år gamal irsk munk med 60 års røynsle frå klosteret. På ein særs humoristisk måte fortalde han om livet sitt og om endringane i klosteret opp gjennom åra. Dei første 10 åra hadde munkane til dømes ikkje lov å snakke, og han viste oss med teikn korleis munkane kommuniserte. Lene har sidan imponert gruppa med å hugse alle teikna han viste oss.
Og så har me vore på Inis More ytst i havgapet og i Tralee i sørvest. Den siste staden skulle vere eit høve til utforsking sidan heller ikkje lærarane hadde vore der før. Det vart likevel så som så med den for dei fleste, men mange var på Siamsa Tire på konsert og nokre var på Greyhoundrace medan John Erik tok turen til Dingle.
Vel attende står no «An ideal husband» av Oscar Wilde på programmet på Gate Theatre. Det gler vi oss til. Etter det går turen attende til Noreg: Oslo, Bergen, Stavanger, Trondheim, Kristiansand og Tromsø er destinasjonane. God påske til alle.