På torsdag den 29. oktober kunne elevane og andre besøkande oppleve Norwegian Song med Dag Arnesen i gymsalen. Der fekk me høyre Dag Arnesen på tangentar samt Ole Marius Sandberg og Stian Villanger på henholdsvis kontrabass og trommer. Trioen  spelte stort sett norsk musikk og mange kjente og kjære låter dukka opp med ein ny vri. Dag Arnesen er ein prisbelønna jazzpianist og det var altså jazz som var sjangeren då dei spelte opp på Hylkje i samband med Åsane Kulturfestival.

Arnesen Arnesen2