Selfølgelig klarte heile Latin-Amerikaklassen å komme seg til toppen av Veten, Åsanes høyeste fjell, når dei fekk muligheiten til det i beste skuletid ein vakker mandag morgon, i strålande solskinn.
Lette på foten med fotoapparat eller mobil i handa, og niste i sekken og med innstruks frå lærar om å ta bilder både av naturopplevelsen og medelevar.Det er godt å ta seg litt ut saman med klassekameratar, og å nyte hausten her i Bergen.  Særleg med tanke på at me seinare i skuleåret skal dra ut i den store verda saman. Me treng å øve både på å ta bilder, gå på tur og kose oss saman. Og bildene viser at dette var ein god start!

SØK SKOLEPLASS HER