Picture

Latin-Amerikaklassen på det gamle posthuset i Mexico by.

Bølgene bryt høglydt og eg har prøvd å gå til sengs under myggnettingen i bambushytta. Me har vår fyrste natt i Mazunte her ved Stillehavskysten. Inntrykka frå ei innhaldsrik veke som berre er starten på studieturen vår, er mange og flotte. Me har vore turistar i Mexico by, og fått med oss vakre murmaleri av Diego Rivera i Nasjonalpalasset, studert ruinane etter Aztekarriket ved Zocaloen og vandra gjennom Chapultepecparken til Anrotropologisk museum. Me har besøkt Casa Azul der kunstnaren Frida Kahlo budde og malte. På veg til ruinbyen Teotihuacan tok me ein stopp ved Basilikaen Vår Frue av Guadalupe som er mexicanarane sitt store pilgrimsmål. Teotihuacan var den fyrste sivilisasjonen i det sentrale Mexico og blei påbyrja i det fyrste århundret  e.Kr. Byen vaks til ein befolkning på 125.000. Klassen har bestege dei berømte Sol- og månepyramidane, vandra langs «De Dødes Vei», og fått grundig innføring i nye og gamle skikkar i Teotihuacan.Temazcal, en slags rituell badstove med hensikt å reinse kroppen både fysisk og mentalt, vart ein utfordring for nokon, og ein oppleving for dei som klarte å gjennomføre. Måltidet etterpå var kulinariske godbitar. Heimelaga på skikkeleg mexikansk vis! Me har og fått oppleve ei reise i mexicansk folkemusikk på konsert med «Flor y Canto». Denne flotte kulturutvekslinga var laga spesielt for oss! Muchas gracias!

 

Etter intense dagar i storbyen med høgt aktivitetsnivå og, etter enkelte sin oppfatning, lite tid til shopping, har me no hatt eit døgn langt ute i mangroveskogen i Lagunas de Chacahua ved Stillehavskysten. Me har sett sola gå ned i Stillehavet, og deretter bada i sølvglitrande planktonlys i mørket. Magisk og ubeskriveleg. Ingen elevar har blitt spist  av krokodiller, og heldigvis ingen lærarar heller. Me såg mykje fugleliv på båtturen til og frå Chacahua, og me har fått oppleve å overnatte under svært enkle forhold

 

«Flokken» er, bortsett frå noko magetrøbbel og trøytte føt, glade og oppegåande. Me ser no fram til gode dagar her i Mazunte. Om nokre få timar skal me ut med lokale fiskarar og sjå etter havskilpadder og delfinar, og dei har me, om dei dukkar opp, tenkt å bade med!  Hasta luego!