Latin-Amerikaklassen fekk stor anerkjenning frå lærarar og medelevar etter gjennomføringa av elevkvelden ”Latino night.”
Frå scena fekk me oppleve ein lynrask og humoristisk gjennomgang av viktige hendingar i Mexico og Cuba sin historie. Og me fekk karikerte glimt frå undervisninga og dagleglivet i klasserommet.
Både menyen og aktivitetane utover kvelden var inspirert av FIESTA !
Salsakurs , limbokonkurranse, pinata, film, quiz om latinamerika og publikum som verkelig hadde tatt på alvor oppfordringa om å finne fram” latinoen i seg”.
God stemning, mykje latter og gode tilbakemeldingar var lønn for strev for Latinamerika -klassen. Og det var velfortent. For berre få av oss visste at det siste veka hadde føregått ein revolusjon innad i gruppa.
Sceneskrekk, usikkerheit og overtyding om at me ikkje var i stand til å arrangere ein god elevkveld, hadde veke plass for gryande optimisme, ønske om å få til noko bra, vilje til å stå på for å få det gjennomført og til slutt, trua på at dette får me til!
Og dette er sjølvsagt det viktigaste utbytte av arbeidsperioden.
No står me som klasse sterkare rusta til nye oppgåver og ein lang studietur som ligg framfor oss i løpet av folkehøgskuleåret.

Engasjement, arbeidsglede og god samhandling: eg gler meg til resten av året![vc_row][vc_column width=»1/1″][vc_gallery type=»flexslider_fade» interval=»3″ images=»24537,24538,24539,24542,24541,24569,24568,24567,24566,24565,24564,24563,24562,24561,24560,24559,24558,24557,24556,24555,24554,24553,24552,24551,24550,24549,24548,24547,24546,24545,24544,24543″ onclick=»link_image» custom_links_target=»_self» column_number=»2″ grayscale=»no» choose_frame=»default»][/vc_column][/vc_row]