Laurdag var det Latin-Amerikaklassen som sto for underholdning og elevkveld, og det bar gymsalen preg av!
Elevar, lærarar, rektor og andre besøkande, stilte som eksotiske turistar og salen bugna over av mexicanske og cubanske flagg, vimplar , lysbilder av murmaleri, musikkinstrument, pinata og vakkert pynta langbord.

Før middag fekk me ei særprega tolking og munter gjennomgang av Latin-Amerika sin historie gjennom kjappe replikkar og stor innlevelse. Endåtil med eige «live» orkester. Etter velsmakande burritos med guacamole og anna perfekt tilbehør, tok kvelden raskt av med salsaundervisning, limbokonkurranse, prisar for beste kostyme og ikkje minst kampen om å få hol på pinataen!

Stor takk til publikum for intens deltakelse, til Globalklassen for kjempegod hjelp på kjøkkenet, til kokkane for nydeleg mat, og ikkje minst til godgjengen i Latin-Amerikaklassen for godt arbeid og superkjekk elevkveld!

Denne fine gjengen skal nok klare seg bra når dei reiser ut i den store verden om vel ein månad……