Hei !
Sender ei kjapp liten rapport frå Cuba. Ikkje lett å komme seg inn på datamaskiner her!
Elevar og lærare frå Åsane folkehøgskoles Latin-Amerikalinje ankom Trinidad tidligare i dag , og har vore ein rask tur på stranda og i sjøen etter over 6 timar i to fullpakka taxiar. Liten plass for nordmenn, men rikeleg plass etter Cubansk målestokk. Vakker by og fine strender. I morgon blir det dykking i korallrev for dei som hive seg med. Etter 4 dagar i Havanna med revolusjonsmuseum, sigarfabrikk og vandring i gamlebyen med lokale guidar som sørger for mykje latter og gode historiar, var me ganske klar for å legge bak oss flørtande kommentarar, Guasntanamera og tilbod om salsadansing. Vinales var neste stopp. Landlig idyll, ridetur i tobakksplantasjar og finkaer der me fekk prøvesmake både sigarar og kaffi av ypperste merke. Og ein liten dukkert i eit lite vatn. No bur me heime hos Cubanara i Casas Particulares. Det er hyggeleg og me får servert alt det beste dei kan oppdriva til frukost og middag. Ingen er sjuk og dårleg lenger. Heldigvis. Da håpar me at dei siste dagane våre her på turen skal gå bra. Me roar litt ned og samlar krefter til flyturen heim.
Hasta luego, Solgun
Picture

Solgun på en tidligere tur på Cuba.