Gjennom fine framleggingar om ulike land i Latin-Amerika, har klassen dei siste vekene opplyst seg sjølv og sine medelevar om ulike sider ved latinamerikansk kultur. Me har fått kunnskap om bl.a. historie, politikk, musikk og mattradisjonar, og blitt betre kjent med kvarandre.

Me har stifta betre kjennskap med Inkaene i Peru og Machu Picchu, Che Guevara og Shakira, fått smake chilenske hotdogs og lært å lage bolivianske Saltenas. Dei var kjempegode!!!