Picture

Ein liten situasjonsrapport frå Mexico igjen:
Me kom med nattbuss frå Oaxaca til San Christobal, Chiapas i dag tidleg.
«Flokken»  – elevane i Latin-Amerikaklassen – er på oppdagingsferd på eiga hand i byen. Fint vær, men kald vind. I morgon skal me prøve å få komme inn i Zapatista caracol Oventic, og forhåpentlegvis få ein samtale med «Den gode regjering». I Oaxaca hadde me eit spennande studiebesøk i ein «via», ein organisasjon som gir mikrofinanslån til urfolk for at dei skal ha ein muligheit til og forsørgje seg sjølv og familie med småbedrifter. Me fekk sjå mange små kooperativ både for veving og matlaging, og me fekk sjå og oppleve mange ulike skjebnar.

Det er god stemning i flokken, og mykje humor og song. Vel å merka når me ikkje er altfor trøtte etter lang bussreising. Alle friske så langt, bortsett frå litt dårlige magar.