Alt vel på Bali! Me storkoser oss på denne vakre øya der alle er imøtekommande og utruleg vennlege. «Flokken» som reiser saman, er og ein strålande vennleg gjeng med stor omtanke for kvarandre.

Me har i løpet av dei fyrste dagane her opplevd å besøke ein organisasjon som jobbar for å ivareta gatebarn. Her fekk me høyra og sjå med eigne auger det viktige arbeidet YKPA driv. Har aldri før opplevd så stor glede og begeistring for  eit par dusin såpebobler frå Nille, og billete frå Norge. Dei brukte kleda me hadde med vart og svært godt mottatt. Etter triveleg samvær, mange bilete, flott danseoppvisning og gode opplevingar satte me kursen mot kulturbyen Ubud. Me bur i vakre omgivelser, og har basseng i hagen. Fellesmåltida held høg kvalitet og er vakkert tilberedt om enn til tider sterk i smaken for norske ganar. Me har fått med oss Balinesisk danseforestilling, sedd og besøkt håndtverkarar innanfor batikk, sølvarbeid, treskjæring og maleri, besøkt tempel og blitt rensa frå topp til tå i heilage kjelder. Me har vore på rafting og hatt nærkontakt med spar. I natt står me opp kl 0200 for å gå på vulkantur og få med oss soloppgang på toppen. Det er berre å kryssa fingrane for at me saman med guidane våre finn fram i mørket!

Gode helsingar frå baligjengen til alle heime!
Solgun

Klatring_på_Bali          Rafting_på_Bali          Glade_på_Bali