Strikkemafiaen på Åsane folkehøgskole er farligare enn nokon gong!
Det klirrar i strikkepinnar og dirrar i veggane på Åsane folkehøgskole. Dette året blir det strikka kanskje endå meir enn før her på skulen.
Panneband, vottar, sokkar, skjerf og huer. Men og feiande flotte gensarar med avanserte mønster er på gang.
Hillesvåg Ullvarefabrikk sørger for at me får kortreist garn, og inspirere oss med utstilling i nye utvida lokaler og omvisning på den 100 år gamle garnfabrikken. Ikkje mulig å motstå slike fristelsar….
Valgfaget vårt er i gang, og smitte-effekten er stor på resten av miljøet. Hadde det vore OL i strikking, ville nok Åsane folkehøgskole sin strikkemafia vore garantert ein plass på laget.