Picture

Når Latinamerika klassen kjem heim frå 4 veker på farten i Mexico og Cuba er det tid for å bruke resten av folkehøgskuleåret til å bearbeide tankar og  inntrykk , bilder og opplevelsar.
Me har reist langt , møtt mange flotte folk ,har hovudet fullt av tankar omkring mange opplevelsar. Me har vore trøytt og sliten, glad og ivrige, budd enkelt, prøvd ut framand mat, sett korleis folk må leve i fattigdom og under heilt andre forhold enn me er vant til, og me har snakka spansk etter beste evne.
Det seier seg sjølv at me har lyst til å formidle dette vidare til folk her heime. Det er sjølvsagt hovedgrunnen til at Latinamerika klassen sitt lørdagsseminar ligg på slutten av skuleåret…..

Seminaret starta med reisefortelling og bildeforedrag om turen. Etterkvart fekk medelevar prøve seg på tortillabaking, quiz, leikar og dans, murmaleri inspirert av Diego Rivera (kjent mexiansk murmalar ) .
Det vart servert fersk limonada og poppkorn medan dei såg digitale fortelingar  som klassen hadde produsert om tema frå turen. Alle fekk vere med i juryen og gi si stemme til dei ti beste bilda frå fotoutstillinga  (sjå eige blogginnlegg om dei ti beste bilda). Og sjølvsagt måtte alle øve litt på spansk denne dagen.
Takk til årets Latinamerika klase for ein flott arbeidsinnsats. Det såg ut til at medelevar let seg fasinerer og rive med på dei uloke gruppene

Bilder frå lørdagsseminaret :

Digital fortelling om meksikanske musikktradisjoner