Om ein ynskjer å reise for å sjå og oppleve andre ting enn det vante i Norge, kan eg anbefale backpaking på Bali. Då kan ein styre unna all inclusive-områder og spesialbygde tourist resorts.

For valgfaggruppa her på Åsane folkehøgskole, med backpacing Bali som tema, betydde det at me til tider måtte sova utan air condition, fekk nærkontakt med gekkoar, små og veldig ofte ganske store innsekt av ulike typar, me måtte godta både å sveitte og tåle lukta av det og matopplevelsane var heilt andre enn mors kjøttkaker.
Dette kan vere krevande til tider når ein er vant med norsk standard.

Me er no landa att i vante omgivelsar og hovudet, og minnekorta frå kameraet, er overfylt av bilder og inntrykk av store av store og små kulturopplevesar og 14 aktive dagar.

Vennlige og gjestfrie folk som møter deg med smil. Musikk, dans og teatertradisjonar som oppleves fargerike, underlege og overveldande for norske auger og øyrer. Me hadde heldigvis brukt tida før me drog til å skaffa oss litt kunnskapar om kva me hadde i vente. Naturopplevingane var spektakulære både på Vulkanen me klatra opp til om natta for å sjå sola stå opp saman med apane i området, og fargespekteret i fiskemylderet når me dukka i koralreva rett ved hotellet vårt i Amed. Båttur med lokale fiskebåtar kan anbefalast. og gjerne ein dag på motorsykkel for å få med seg nærmiljøet ute på landsbygda. Trafikken i byane er altfor kaotisk og føregår på feil side av vegen etter norsk standard. Det kanskje aller mest eksotiske er å vera vitne til korleis hinduismen på Bali set sit preg på kvardagen med daglege ofringar, tempelbesøk, religiøse opptog, festar og kremasjonar. Me vart allereie fyrste dagen vitne til ein kremasjonsseremoni på stranda.

Malekunst , treskjering , batikk og steinskulpturar set og eit sterkt preg på gater, tempel, byar og drakter. Håndtverkstradisjonar er sterke og imponerande .

Bilda sit godt festa på netthinna, og fyller hovudet med fargar på tross av både snø og gråværsdagar her i gamlelandet. Me viser nokre få av bildene me tok HER:

[vc_row][vc_column width=»1/1″][vc_gallery type=»flexslider_fade» interval=»3″ images=»24738,24737,24736,24735,24734,24733,24732,24731,24730,24729,24728,24727,24726,24725,24724,24723,24722,24721,24720,24719,24718,24717,24716,24715,24714,24713,24712,24711,24710,24709,24708,24707,24706,24705,24704,24703,24702,24701,24700,24699,24698,24697″ onclick=»link_image» custom_links_target=»_self» column_number=»2″ grayscale=»no» choose_frame=»default»][/vc_column][/vc_row]

Det har kome meg for øyra at det fall nokre tårer i sanden den dagen me pakka sekken for å resa heim att frå Bali.